Blomar og flora i det norske fjellet
Brearve, Cerastium cerastoides
Brearve trekke mot snøleier, som til døme her i Hodlekve
Foto: Anders R. Eriksen
Brearve er ein art i arve familien som helst trekkar mot fuktige voksestader, som til døme under snøfonnar eller brear, derav namnet Brearve. Brearven er som regel mellom 3 og 10 centimeter høg, og har ein kvit blomst med fem kronblad. Brearven har 3 giffler, i motsetning til 5, som er det vanlege hjå arve-slekta. Brearva er svært vanleg i den mellom til låg-alpine sona, der snøfonnene kan ligge lenge på sommaren, og forsyne brearva med rikeligt med vatn. I jotunheimen kan ein finne Brearve opp til so høgt som 2000 meter (Kristoffersen, 2007, s.42)
Snøull, Eriphorum scheuchzeri
Snøull er ofte å finne i myrar og ved
bekkeleiar. Foto: Anders R. Eriksen
Snøull, eller myrull som den og dei andre artane i Eriphorium slekta ofte kallast på folkemunne, er ein blomst som gjerne trekkar til myrar og myrdrag i fjellet, oftast i den mellom-subalpine sona. Den er utbredt i alle skandinaviske fjellområde, og på tundraen i sibir og nord-amerika. I gamle dagar pleide gjerne fattigfolk å plukke ulla frå blomsten, og blanda den med saue ull for å kunne utvide garnforsyninga si. Resultatet var som oftast garn av lågare kvalitet. Ulla blei også brukt i fyll til dynar og putar. (Hamre, 2011, s. 74; Kristoffersen, 2007, s.198)
Fjellmarikåpe, Alchemilla alpina
Fjellmarikåpe har gjennom tida vert
knytt til mykje forskjelleg overtro.
Foto: Anders R. Eriksen
Fjellmarikåpe er ein blomst i rosefamilien, og trekker gjerne mot beitemark, tette urar og tidligare snøleier. Ein kan finne Fjellmarikåpe i alt frå skogen, og opp til den høgalpine sona, heilt opp til 1760 meter i Jotunheimen, og i alpane opp til 2800 meter. Den er lett å skilje frå vanleg marikåpe, sida den berre veks til å bli opp til 20cm høg, og har lansettforma blad. Det har i gamle dagar vert knytt mykje overtru til marikåpa. Det vart sagt at vassdråpa som la seg på bladet var jomfru marias tåre, og at denne dråpa hadde helbredande kraft. Denne dråpa trudde også alkemistane var ein viktig ingrediens for å lage gull, derfra har me det latinske navnet på marikåpe, Alchemilla (Kristoffersen, 2007, s.97)
Stormarimjelle, Melampyrum pratense
Stormarimjelle er ein parasittisk art.
Foto: Anders R. Eriksen
Stormarimjelle er ein art i maskeblomst familien. Den vekse som regel rundt skogrensa, men har blitt funne i opp til 1230 meters høgde på Hardangervidda. Den er 10-40 cm høg, og har lansett forma blad. Marimjelleartane er bemerkningsverdig for å være halv-parasittar, det vil sei at den snyltar næring av røta til nærliggande vegetasjon, som til døme buskar og lyng. I gamle dagar var stormarimjelle ein viktig beiteplante. Det var trudd at kyr som beita på marimjeller fekk ein auka mjølke prduksjon, derav navnet «mjelle» (Kristofferssen, 2007, s.159)
Følblom, Leontodon autumnalis
Følblomen er lett å forveksle med andre
artar. Foto. Anders R. Eriksen
Følblom, eler fjellfølblom som vist på bilete, er ein blomst i kurvplantefamilien. Fjellfølbloms skiller seg ut frå vanleg følblom ved at den er mindre, og har rosett forma blad. Den kan forvekslast med fjellsveve, men følblomen har ein glatt stengel, i motserning til fjellsveve som har hul stengel. Den er mest vanleg på beitemark, enger og tidlegare snøleier i den mellom-alpine sona. (Hamre, 2011, s. 58; Ryvarden, 2006, s. 164)
Gulsildre, Saxifraga aizoides
Gullsildre er lett å få auge på grunna sine sterke
fargar. Foto: Anders R. Eriksen
Gulsildre er ein blomst i sildrefamilien, som oftast er å finne på fuktige stader, som til døme bekkar og våte bergveggar. Den vekse oftast i store mengdar i klyngar og tuar, der den har rik tilgang på vatn, helst på stader med kalkrikt berg. Gulsildre har eit veldig spesielt utsjånad og oppbygging, med gule kronblad, som også kan være oransje eller raude, og ein skive i midten med to horn. Gullsildre er vanleg i alle fjellområde i skandinavia, og kan også finnes enkeltvis på Svalbard (Hamre, 2011, s. 52; Kristoffersen, 2007, s. 81)
Blåklokke, Campanula rotundifiolia
Blåklokke er ein svært vanleg blomst
over heile norge. Foto: Anders R. Eriksen
Blåklokke er ein av dei mest gjennkjennelege blomane me har i fjellet, og kan lett identifiserast ved at den nettopp ser ut som ein blå klokke. Blåklokke finnest i heile landet, heilt opp til den høgalpine sona i jotunheimen, og også på Svalbard. Ein vanleg barneleik er å prøve å vrenge blomen på blåklokka, utan å rive den i stykker. Får ein det til, kan ein ynskje seg tre ynskjer. (Hamre, 2011, s. 48; Kistoffersen, 2007, s. 176)
Tettegras, Pinguicula vulgaris
Tettegras er ein kjøttetande plante
Foto: Anders R. Eriksen
Tettegras er ein blom i blærerotfamilien, som er lett gjennkjenneleg med sin lysegrønne bladrosett, og blåviolette blom. Tettegras er vanleg over heile landet i den mellomalpine sona, opp til 1570 meter i Jotunheimen. Tettegras er bemerkningsverdig for å vere kjøttetande. Inne i dei koppforma blada ligg det ein seig klissete veske, som tiltrekkar seg innsekt. Når insektet sette seg fast, vert det sakte fordøyd i veska i opptil fleire veker. Tettegras var tidlegare i gamle dagar brukt som konserveringsmiddel, nokre blad med tettegress blei lagt i botnen av eit mjølkespann, og reagerte med mjølka for å lage tettemjølk. (Hamre, 2011, s. 48; Kristoffersen, 2007, s. 169)
Grynrødbeger, Cladonia coccifera
Lav er ein kompositt organisme, som
består av sopp og algar
Foto: Anders R. Eriksen
Grynrødbeger er ein art av kopplav. Den veks i mineral og humus-rik jord, og finnast over heile landet, også på svalbard. Grynrødbeger er svært lett å forveksle med andre artar i rødbeger familien, men kan idetifiserast med den beine, raude stripa som krinsar begeret. Slik som mange andre lavartar er den svært hardfør, og kan vokse i alt frå kysten, til den høgalpine sona. Lav skille seg ut frå anna vegetasjon, sida det er det som kallast for ein kompositt-organisme, ein symbiose mellom algar og sopp. Lav er da altså ikkje ein plante eller mose, som mange trur. (Ryvarden, 2006, s. 212; Holien, 2017)
Fjellsolblom, Arnica angustifiola
Fjellsolblom er ein blomst som
veks i nord-norge
Foto: SNL
Fjellsolblom er ein sjeldan blom, som er vakker å sjå på. Eg har ikkje observert den på nokre av turane forbunde med HVL, men fleire gonger på folkehøgskule i Finnmark. Fjellsolblom høyrar til dei nordliggande fjellområda i noreg, frå Saltfjellet og nordover til Vardø, og på Svalbard finn du den også voksande under fuglefjell. (Hamre, 2011, s. 56; Kristoffersen, 2007, s. 186)
Litteratur:
Hamre, H. B. (2011) Fjellet (4.utg). Oslo. Cappelen Damm
Holien, H. (2017, 23. januar) Grynrødbeger. Artsdatabanken https://www.artsdatabanken.no/Pages/226649/Grynroedbeger
Kristoffersen, T. (2007) Det Blomstrende Fjellet (2.utg). Bergen. Vigstadmo & Bjørke
Møller, K. B. & Christensen, K. I. (2003) Flora. Oslo. N.W Damm
Ryvarden, L. (2006). Fjellflora. Oslo. N. W Damm

Comments
Post a Comment