Posts

Vinterfriluftsliv i høgfjellet: Nye perspektiver på tidlegare erfaringar knytt til nordisk skiferd og vegleiarrolla

Image
  På Filefjell i Mars fekk me eksponert oss for fjellets røffare side, og dei utfordringane som følgjar med. I stiv kuling og dårleg sikt er noko so enkelt som å gå i ein bein linje ein utfordring. Foto: Anders R Eriksen Gjennom Mars og April har eg tilbragt totalt 24 dagar på nordisk skiferd. 4 dagar på Filefjell med B2 friluftsliv klassen hjå HVL, 7 dagar på Hardangervidda i praksis hjå Sogndal FHS, og 14 dagar samanhengande eigenferd på Hardangervidda og Aurlandsfjellet. Nordisk skiferd er desidert min favoritt friluftsaktivitet, og noko eg har mykje tidlegare erfaring i. Likevell lærar eg alltid noko nytt på kvar gong eg er ute i vinterfjellet, og iløpet av desse 24 dagane har eg ikkje berre tilegna meg nye erfaringar, men også nye perspektiv på erfaringane eg hadde frå før. Korleis kan eg drøfte mine tidlegare erfaringar for å utvikle meg til å bli ein god vegleiar? Erfaringar frå Filefjell: - Tung oppakning og overskot Den største erfaringa eg gjorde meg på Filefjellturen er ...

Brekurs i Jostedalen; Alpine farar og utsyr

Image
Brevandring er ein aktivitet som kreve riktig  kunnskap og utstyr, men lar deg oppleve fjellet  frå ein heilt anna side (bilete: Anders R. Eriksen) 14. til 19. September var B2 friluftslivklassen på brekurs på Jostedalsbreens forskjellige brearmar. Breferdsel er eit tradisjonsfylt segment av det norske friluftslivet, med eit svært kompetanserikt miljø. Forrutsetningane inadd i klassen var noke variert, men me fekk god tid og vegleing gjennom uka til å tileigne oss kunnskap og rutinar knytta til breferdsel, ferdsel i alpint terreng, utstyr og tau, gruppedynamikk og risikovurdering.  Alpine farar Merk først at begrepa fare og risiko ikkje har same betydning. Fare er eit ord som beskriv sitasjonar og hendingar som er jo, farlege for liv og helse. Å bli tatt i eit snøskred, eller å symje ned ein stri elv, er døme på farlege situasjonar, der dei involverte har svært begrensa kontroll og altarnativer. Risiko er eit ord som beskrivar sansynlegheita for ein farleg situasjon, og k...
Image
Havkajakktur til Holm med B2fl; Mine refleksjonar    Frå Mandag 17.Aug til Torsdag 20.Aug var me på havkajakk og kanotur ut til Holm, som også vår første ekskursjon for semesteret. Målet for ekskursjonen var at alle elevane skulle gjennomføre NPF sitt grunnkurs innan havkajakk, med instruksjon av Eivind Aadland, og ein vidareføring av kano opplæringa frå i fjor med faglærar Eirik Hårstad Meslo, samt at klassen skulle få bli enda meir kjent med kvarandre, etablere gode rutinar for samarbeid, og få dele sine forventningar til studiet. På førehand var det gjennomført gode førebuingar til turen av faglærarane. Covid-19 har satt sitt preg på studiet i form av nettundervisning på zoom, som eg oftast opplevar som ustrukturert og forvirrande. Likevell var møte på zoom informativt og interresant, og me fekk utdelt ein detaljert og omfattande turplan på canvas, som me lett kunne henvise til om me var usikker på noko i forkant.  Klassen vart delt inn i 2 gruppar som skulle gjennomfø...
Image
Blomar og flora i det norske fjellet Brearve, Cerastium cerastoides   Brearve trekke mot snøleier, som til døme her i Hodlekve Foto: Anders R. Eriksen Brearve er ein art i arve familien som helst trekkar mot fuktige voksestader, som til døme under snøfonnar eller brear, derav namnet Brearve. Brearven er som regel mellom 3 og 10 centimeter høg, og har ein kvit blomst med fem kronblad. Brearven har 3 giffler, i motsetning til 5, som er det vanlege hjå arve-slekta. Brearva er svært vanleg i den mellom til låg-alpine sona, der snøfonnene kan ligge lenge på sommaren, og forsyne brearva med rikeligt med vatn. I jotunheimen kan ein finne Brearve opp til so høgt som 2000 meter (Kristoffersen, 2007, s.42)  Snøull, Eriphorum scheuchzeri  Snøull er ofte å finne i myrar og ved bekkeleiar. Foto: Anders R. Eriksen Snøull, eller myrull som den og dei andre artane i Eriphorium slekta ofte kallast på folkemunne, er ein blomst som gjerne trekkar til myrar og myrdrag i fjellet, oftast i den...
Første blogginnlegg! Dette er i hovudsak for å få litt orden på layouten på bloggsida mi, men eg gler meg stort til å få dele mine erfaringar og refleksjonar med ihvertfall faglærarane mine Eirik og Tor Espen, og forhåpentlegvis litt fleire!