Havkajakktur til Holm med B2fl; Mine refleksjonar Frå Mandag 17.Aug til Torsdag 20.Aug var me på havkajakk og kanotur ut til Holm, som også vår første ekskursjon for semesteret. Målet for ekskursjonen var at alle elevane skulle gjennomføre NPF sitt grunnkurs innan havkajakk, med instruksjon av Eivind Aadland, og ein vidareføring av kano opplæringa frå i fjor med faglærar Eirik Hårstad Meslo, samt at klassen skulle få bli enda meir kjent med kvarandre, etablere gode rutinar for samarbeid, og få dele sine forventningar til studiet. På førehand var det gjennomført gode førebuingar til turen av faglærarane. Covid-19 har satt sitt preg på studiet i form av nettundervisning på zoom, som eg oftast opplevar som ustrukturert og forvirrande. Likevell var møte på zoom informativt og interresant, og me fekk utdelt ein detaljert og omfattande turplan på canvas, som me lett kunne henvise til om me var usikker på noko i forkant. Klassen vart delt inn i 2 gruppar som skulle gjennomfø...