Posts

Showing posts from April, 2021

Vinterfriluftsliv i høgfjellet: Nye perspektiver på tidlegare erfaringar knytt til nordisk skiferd og vegleiarrolla

Image
  På Filefjell i Mars fekk me eksponert oss for fjellets røffare side, og dei utfordringane som følgjar med. I stiv kuling og dårleg sikt er noko so enkelt som å gå i ein bein linje ein utfordring. Foto: Anders R Eriksen Gjennom Mars og April har eg tilbragt totalt 24 dagar på nordisk skiferd. 4 dagar på Filefjell med B2 friluftsliv klassen hjå HVL, 7 dagar på Hardangervidda i praksis hjå Sogndal FHS, og 14 dagar samanhengande eigenferd på Hardangervidda og Aurlandsfjellet. Nordisk skiferd er desidert min favoritt friluftsaktivitet, og noko eg har mykje tidlegare erfaring i. Likevell lærar eg alltid noko nytt på kvar gong eg er ute i vinterfjellet, og iløpet av desse 24 dagane har eg ikkje berre tilegna meg nye erfaringar, men også nye perspektiv på erfaringane eg hadde frå før. Korleis kan eg drøfte mine tidlegare erfaringar for å utvikle meg til å bli ein god vegleiar? Erfaringar frå Filefjell: - Tung oppakning og overskot Den største erfaringa eg gjorde meg på Filefjellturen er ...