Havkajakktur til Holm med B2fl; Mine refleksjonar 
 
Frå Mandag 17.Aug til Torsdag 20.Aug var me på havkajakk og kanotur ut til Holm, som også vår første ekskursjon for semesteret. Målet for ekskursjonen var at alle elevane skulle gjennomføre NPF sitt grunnkurs innan havkajakk, med instruksjon av Eivind Aadland, og ein vidareføring av kano opplæringa frå i fjor med faglærar Eirik Hårstad Meslo, samt at klassen skulle få bli enda meir kjent med kvarandre, etablere gode rutinar for samarbeid, og få dele sine forventningar til studiet. På førehand var det gjennomført gode førebuingar til turen av faglærarane. Covid-19 har satt sitt preg på studiet i form av nettundervisning på zoom, som eg oftast opplevar som ustrukturert og forvirrande. Likevell var møte på zoom informativt og interresant, og me fekk utdelt ein detaljert og omfattande turplan på canvas, som me lett kunne henvise til om me var usikker på noko i forkant. 

Klassen vart delt inn i 2 gruppar som skulle gjennomføre kajakk kurset på kvar sine dagar. Min gruppe var i kajakkane dei 2 første dagane, mens den andre gruppa hadde sitt opplegg med kano. Sjølv so paddlar eg mykje elvekajakk, og gjennomførte også NPF sitt grunnkurs for fleire år sida. Mine forventningar var derfor at eg skulle mestre havkajakk nokså bra, og heller kom til å observere Eivind som instruktør. Men (heldigvis) viste det seg at eg ikkje var so rutinert på havpaddling som eg trudde på førehand, og fleire av øvingane som blant anna sveipetak, low-brace og pedaltrykk ga meg utfordringar som er unike til havkajakken. Slike utfordringar motiverar meg! 







Utfordrande moment for ein elvepadlar i havkajakk

Det som eg derimot følte var den største utfordringa med å gå frå elvekajakk til havkajakk, var energiforbruk og dei ulike årene. Elvapadling er veldig eksplosivt, der du padlar med høg padlefrekvens og mykje energi, i intervallar. Ein elvekajakk-åre er derfor designa med eit stort åreblad, med ein mykje meir symetrisk ende-profil for å få mest mulig eksplosiv kraft ut av eit nærmast vertikalt framdriftstak (Ferraro, 2002, s. 33-34). Havkajakken er nærmast heilt det motsatte. Den krevar eit jamnt og uthaldande energiforbruk, kontinuerlig over lengre tid, med ein mykje lågare paddlefrekvens. Derfor er åra designa med eit mykje mindre blad og asymetrisk ende-profil, og er som regel lenger for å minimere fysisk belastning for padlaren. Eit godt eksempel på dette er grønlandsåra, som blir brukt av inuittane. Det er rett og slett berre ein planke, men den har ein utforming som tvingar padlaren til å senke intensiteten, og padle riktig. 

Til venstre: Werner Odachi, elvekajakkåre som er egna til svært eksplosiv paddling, og gjer mykje kraft
Til høgre: Werner Skagit,  havkajakkåre som er egna til lange paddleturar, utan å overbelaste padlaren


Eg opplevde at når eg skulle paddle havkajakk med elvekajakk teknikk (og ein elvekajakkåre også faktisk), tok det slett ikkje lang tid før eg var heilt utslitt i armane. Å halde eit elvekajakk liknande intensitetsnivå over 6km på hav er ikkje gunstig, eller oftast mogleg. Elvekajakk åra eg brukte (Werner Odachi, 203cm) hadde eit design som var svært dårleg egna for den lågare intensiteten ein må padle med i havkajakk. Heldigvis fekk eg skifta til ein mykje betre egna havkajakk åre (Werner Skagit, 206cm) før me padla ut til Holm. Då vart det mykje lettare å halde ein lågare intensitet, og belastninga på skuldre og rygg blei senka betrakteleg. 

Kajakkredningar:


Det finnast eit utval reddningar i havkajakk, som kameratredning, sjølvredning (med og utan årepose) og cowboyrednig er nokre gode eksemplar, og ikkje minst rulla.

Kammeratreddning

(Bilete: padlesiden.no)


Kameratreddning kan i utganspunktet innebære alle typar redningar der symjaren får assistanse av ein annan padlar til å komme seg opp i kajakken sin igjen. Det finnest fleire måtar å gjennomføre ein slik redning, men eit veldig godt døme er den som blir beskrivd i Kajakk håndboken (Eckholm, 2009, s. 68-71). Det første ein gjer som symjar er å trekke seg ut av kajakken, og halde fast i båt og utstyr. Om ein anna kamerat ikkje kjem til unsetting med ein gong, bør ein få oppmersomheita deiras med fløyta, og løfte opp åra di. Kameraten kjem opp parralelt med kajakken, på den andre sida av symjaren, slik att symjaren ikkje vert klemt mellom kajakkane. Kameraten ettablerar kontakt med symjaren, og dirigerar hen til å halde seg fast i bauen til kameratens kajakk. Under redninga må symjaren alltid halde i eit handtak eler line på hjelparens kajakk, spessielt om det er bølgjer. Kameraten halde i linen til symjarens kajakk, og løftar den diagonalt over sin eigen kajakk, og tømmar vatnet ut av cockpitten. Etter at kajakken er tom for vatn, legger hjelparen den rett vei opp og paralelt med sin eigen kajakk. hjelparen lenar seg då over symjaren sin kajakk, og stabiliserar den mens symjaren klatrar opp og inn i kajakken sin igjen.

Sjølvredning med årepose

(Bilete: seayak.no)


Om ein padlar aleine, er sjølvredning ein nærmast obligatorisk kunnskap. Ein padlar som reisar på solotur i kajakk, må være komfortabel med sjølvredning, og ha det nødvendige utsyret. Her er eit døme frå Kajakk håndboken (Eckholm, 2009, s. 72-75). Når du har trekt deg ut av kajakken, er det no ekstra viktig at du har kontroll på utsyret ditt. om du mistar det, får du det ikkje tilbake. Finn fram åreposa di, den skal liggje på ein lett tilgjengeleg plass, til døme i vesten din eller i sentralskottet. Tre åreposa over åra di, og blås opp luft kammeret. Legg so åra di vinkelrett ut frå kajakken. då har du i effekt ein pontong som er med å stabilisere kajakken din. vend deg slik at du ser mot akterenden av kajakken din, og klatre opp på kajakken med lågt tyngdepunkt. kryp baklengs inn i cockpitten, og flytt åra di over magen. pump ut det vatnet som ligg i kajakken før du fjernar åreposen.

Eigne refleksjonar om redning, med fokus på rulla. 

Som elvepadlar kan det virke overflødig å måtte øve på sjølvredning og kameratredning i kajakk, fordi rulla sitt so djupt i ryggmargen. Samstundes synast eg at dette er ein svært viktig del av grunnkurset. Havkajakk er for dei fleste i befolkninga for øvrig sin første erfaring med kajakk, og kanskje i enda større grad den einaste. Ein stor orsak til at havpadling har ein større populæritet enn elvepadling i noreg, trur eg er nettopp rulla. Å kunne rulle er ein essensiell manøver å kunne mestre i elvepadling, og det er ikkje gøy, og kanskje tilogmed farleg, å paddle elvekajakk utan å kunne rulle. På New Zealand til døme er det vanleg at ein ikkje får lov å paddle kajakk på elv utan å kunne rulle, pga risikoen (men det får vere ei anna sak). Poenget er att læringskurva i elvepadling er betydleg brattare enn den er i havpadling, og dette såg eg veldig tydleg på dei forskjellige redningane. 

Å øve inn dei ørten forskjellege redningane; kameratredning, sjølvredning, rodeoredning, osv, er eit viktig steg i å familisere eleven med ein symjesituasjon. Å bli komfortabel med å symje ved sida av ein opp-ned kajakk, og kunne vite kva ein skal gjere i den situasjonen, er ein fundamental evne alle havpadlarar burde mestre, sjølv om dei kanskje har ein bombesolid rulle (som Eivind sa, det er berre eit tidspørsmål før rulla ikkje funke, og du må gjennomføre ein sjølvreddning). Det gjer også meining i eit kursperspektiv. Eg trur ikkje meir enn 10-20% av alle som tar grunnkurs hav, kjem til å nokon gong lære seg rulla. Då er det essensielt at dei får god innføring i redning. Samstundes trur eg det er viktig at symjing ikkje blir ufarleggjort. Utaskjers, i ugunstig vær og bølgjar, kan det fort bli ein krevande situasjon å gjennomføre ein redning. Når eleven avanserer evnane sine havpadling, meinar eg at det i tillegg til økt fokus på dei vanlege redningane, også burde bli eit større fokus på å lære seg rulla, da det er ein utruleg sterkt førebyggande evne, og igjen gjer at utaskjers, i krevande sjø, at padlaren kan bli ein resurs for gruppa i ein evt redningsituasjon, istadet for eit risikomoment.

Litteratur:
Ferraro. (red.). (2002). The Canoe and Kayak Handbook (4.utg). London. BCU Coaching Service
Ekcholm. (2009). Kajakk håndboken. Stockholm. Gyldendal Litteratur

Comments