Brekurs i Jostedalen; Alpine farar og utsyr
Brevandring er ein aktivitet som kreve riktig
kunnskap og utstyr, men lar deg oppleve fjellet
frå ein heilt anna side (bilete: Anders R. Eriksen)
14. til 19. September var B2 friluftslivklassen på brekurs på Jostedalsbreens forskjellige brearmar. Breferdsel er eit tradisjonsfylt segment av det norske friluftslivet, med eit svært kompetanserikt miljø. Forrutsetningane inadd i klassen var noke variert, men me fekk god tid og vegleing gjennom uka til å tileigne oss kunnskap og rutinar knytta til breferdsel, ferdsel i alpint terreng, utstyr og tau, gruppedynamikk og risikovurdering.
Alpine farar
Merk først at begrepa fare og risiko ikkje har same betydning. Fare er eit ord som beskriv sitasjonar og hendingar som er jo, farlege for liv og helse. Å bli tatt i eit snøskred, eller å symje ned ein stri elv, er døme på farlege situasjonar, der dei involverte har svært begrensa kontroll og altarnativer. Risiko er eit ord som beskrivar sansynlegheita for ein farleg situasjon, og kva som er den yttarste konsekvensen. Sansynlegheit gonga med konsekvens, for å seie det enkelt (Martinkova & Parry, 2017, s. 77-79). Å gå gjennom isen på vinterfjellet kan være vell so farleg som å bli tatt i eit snøskred. Likevell på toppturar vert oftast vurderingar knytt til skredsikkerhet lagt meir vekt på enn vurderingar knytt til ferdsel på is. Dette er fordi me oftast veit at isen er trygg, og at det er låg sansynlegheit for å gå gjennom. Ein låg risiko. Skred er derimot meir uforutsigbart, og i skredterreng er det ein høgare sjanse for å bli tatt i eit snøskred. Ein høgare risiko. Men farane er framleis det same.
Alpine farar er eit begrep som vert mykje nytta innan brefaget, og visar til faremoment som er tilstades ved ferdsel i alpint terreng, til døme på bre. Breboka nemnar blant alpine farar bresprekker, isfall og kollaps, været, tordenvær, snøblindhet, uaktsomhet, utstyrsvikt, dårleg passform, for ambisiøs turplanlegging, panikk, og dårleg samansatt turlag (Haslene, 2008, s. 129-136). Ein kan merke seg at desse dømene på alpine farar innebærar både subjektive og objektive farar, og gjer ikkje noko skilnad mellom desse. Alpine farar er ein liste med faremoment som er blitt avgrensa til dei relevante faktorane i alpint terreng, for å gjere begrepet enklare å ta i bruk innan breferdsel, gjerne i kurs samanheng, til å evaluere risikoen.
Været som alpin fare:
Store isbrear, som til døme Jostedalsbreen, kan i stor grad påverke det lokale klimaet, og skape uforutsigbare værmønster. Som breturist er ein derfor eksponert for uvær, og må ta forhandsreglar retta mot dette, sjølv om værmeldinga er god. Kalde temperaturar, vind og nedbør er absolutt ein fare som kan gje risiko for hypotermi, om ein ikkje er kledd riktig. Om ikkje hypotermi, kan nedkjøling føre til forhasta og dårlege vurderingar, som utsettar gruppa for vidare risiko bunde til alpine farar. Været er altså ein objektiv fare, som kan utsette ein gruppe for subjektiv fare (Horgen, 2010, s. 40-41).
Været kan også påverke andre alpine farar. Nedbør og vind kan sette i gong bevegelser i fjellets overflate og resultere i steinsprang. Lokale snøforhold på vintersesongen kan gje fare for snøskred, og varme temperaturar på sommaren kan skape vanskelege forhold på breen, i form av eit djupt lag med pjolt, og kalving ved brefronten. Dei fleste år er det dødsulykke knytta til brekalving i Jostedalen (Aspeli, 2018)
Våre opplevingar med været på breen:
På dag 2 i kurset, på Tuftebreen, fekk me oppleve surt vær oppe på breen. Med regnbygar mellom eit nokså tett og fuktig vær, var me alle i taulaget gode og klamme når me kom fram til brefronten. I det me stoppa for å diskutere innsteget, tok det ikkje lange tida før me blei kalde. Men sida me hadde tatt dei riktige førebuingane, med gode rutinar på tekniske pausar og å kle oss etter aktivitetsnivå, blei ikkje været meir enn ein bagatell. Meir utfordrande var det kanskje på isen, der seletøyet og tauet gjer det vanskeleg å raskt ta av seg ein jakke, eller ha på seg ein fleece.
På veg ned frå tuftebreen fekk me også sjå eit stort steinsprang, løyst ut av nedbøren. På motsatt side av dalen, var det ein steinblokk på storleiken til ein minibuss, som løsna i toppen av eit høgt og bratt heng. Den dundra nedover fjellsida med høg fart, lange svev, og lagde ein lyd som ein kunne forveksla med torden. Det var eit godt læringsmoment å få observert ein alpin fare, me kunne hente ut gode refleksjonar og diskutere rundt dette. Og ikkje minst ein spennande naturoppleving, det er jo tross alt ikkje noko ein får sjå kvar dag.
Utstyr.

På bre er det svært viktig å ha orden
og system i utstyret ditt, sjølv om
det til tider kan bli litt mykje av
det. (bilete: Anders R. Eriksen)
Breferdsel er ein aktivitet som krevjar spesialisert utstyr, som ein ikkje vanlegvis brukar i det tradisjonelle friluftslivet. Tau, stegjern og isøks er kanskje det første folk tenkar på når dei dannar seg eit bilete av breutstyr, men ein treng også seletøy som er egna til breferdsel, med eit mindre tau til å binde seg inn. Karabinkrokar, slyngjer, prusikker, isskruar, og kanskje ein taubrems, er utstyr som ein alltid bør ha i sela si når ein går på bre. Her er ein liste med diverse utstyr som ein breførar må disponere (Haslene, 2010, s. 34-47).
På kroppen:
- Vindtette klede, inkludert hanskar
- Stive støvlar som gir god støtte og feste til stegjern
- Hjelm
- Solbrillar med høg styrke (også når det er overskya)
- Klatresele (gjerne i kombinasjon med brystsele om ein går med stor sekk)
- Stegjern
- Gamasjar (er lurt å ha)
På sela:
- Eit utval karabinkroker
- Eit utval slyngjer
- Eit uval prusikk tau
- Isskruar
I innbindinga:
- To prusikkar som går til kvar tauside
- Ein skrukarabin til å feste mellom sentralløkka og prusikkane
I sekken
- Ekstra klede
- Ekstra tau
- Førstehjelputsyr
- Vatn, mat og varm drikke
- Jervenduk
- Liggeunderlag
- Snøanker (om ein er på snødekt bre)
..........................................................................................................................................................................
Litteratur:
Aspeli, I. (2018, 06. August) Dødsulykke på Jostedalsbreen: -Utenlandske turister trosser stadig sperringene. Verdens Gang https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/3j3Vvq/doedsulykke-paa-jostedalsbreen-utenlandske-turister-trosser-stadig-sperringene
Haslene, S. (red.). (2008). Breboka; Håndbok i brevandring. Oslo, DNT Fjellsport.
Horgen, A. (2010). Friluftsveiledning vinterstid. Kristiansand, Høyskoleforlaget.
Martínková, I. & Parry, J. (2017). Safe Danger – On the Experience of
Challenge, Adventure and Risk in Education, Sport, Ethics and Philosophy. 11(1). s. 75-91.
Comments
Post a Comment