Vinterfriluftsliv i høgfjellet: Nye perspektiver på tidlegare erfaringar knytt til nordisk skiferd og vegleiarrolla
Gjennom Mars og April har eg tilbragt totalt 24 dagar på nordisk skiferd. 4 dagar på Filefjell med B2 friluftsliv klassen hjå HVL, 7 dagar på Hardangervidda i praksis hjå Sogndal FHS, og 14 dagar samanhengande eigenferd på Hardangervidda og Aurlandsfjellet. Nordisk skiferd er desidert min favoritt friluftsaktivitet, og noko eg har mykje tidlegare erfaring i. Likevell lærar eg alltid noko nytt på kvar gong eg er ute i vinterfjellet, og iløpet av desse 24 dagane har eg ikkje berre tilegna meg nye erfaringar, men også nye perspektiv på erfaringane eg hadde frå før. Korleis kan eg drøfte mine tidlegare erfaringar for å utvikle meg til å bli ein god vegleiar?
- Tung oppakning og overskot
"Minst like viktig som gruppens overskudd er veilederens overskudd. for å kunne hjelpe gruppen å realisere sine mål på en god måte, både sikkerhetsmessig og faglig, er det viktig at veilederen til enhver tid er ovenpå situasjonen (Horgen, 2010)"
Det er vanskeleg å være ovenpå situasjonen til einkvar tid når du må slite deg ut i ein oppoverbakke for å ta igjen gruppa. Og når eg hang over skistavane mine for å få igjen pusten var ikkje presskanna til stor hjelp!
Ein tanke eg gjorde meg undervegs er at dei beste vegleiarane er også ofte dei beste tur-fotografane. Både som fotograf og vegleiar må ein ha fysisk overskudd til å kunne gå forran gruppa i sporet, og også oppdage og utnytte dei situasjonane som oppstår undervegs, enten det er til eit læringsmoment eller bilete (eller begge deler). I praksis betyr dette å ha lett oppakning og god kondisjon, og å halde eit godt auge med gruppa.
Erfaringar frå praksis hjå Sogndal FHS:
- Multifuel, sikkerheit, rutiner og pedagogikk
Praksis hjå Sogndal FHS gjekk med Stian B, Gustav og underteiknade som praksiskelevar og Mads Orheim som praksisvegleiar og lærar for Friluftsliv Norge klassen. Skiferden frå Finse med mål Haukeliseter var ein læringsrik og innholdsfull tur. Sjølv om turen til slutt måte brytast pga smittehensyn, fekk elevane oppleve å gå 28km på 13 timar, strålande sol, iskald vind, sterke kjensler når turen måtte brytast og til slutt å få ligge 4 dagar værfast på ein hytte. Gjengen frå Sogndal FHS imponerte ved sterkt samhald og stor tillit til kvarandre.
Me fekk desverre berre ein natt i telt, men då så eg at gruppa hadde utilstrrekeleg erfaring i bruk av multifuelbrenner (på tidlegare ferdar hadde dei brukt gass). Derfor foregjekk all bruk av brennarar utanfor teltet, sjølv når det var ein lett bris og minusgradar. Då tar det lang tid før ein er ferdig med å smelte snø og lage mat. Samstundes må ein sitte ute å fryse mens ein vente på at mat og vatn blir ferdig. Dette går sjølvsagt på bekostning av trivselen. Dette fekk meg til å tenke på rutinar knytt til multifuel brenneren, ikkje berre knytt til sikkerheit, men også korleis ein kan utnytte multifuel pedagogisk, for å gjere det til eit læringsmoment og kjelde til trivsel, istadet for ein risiko.
Multifuel brenneren er det alle viktigaste utsyret du har med deg på ein vinterferd i høgfjellet. Alt anna utstyr kan gå atdundas, men har du brenneren din so overleve du. Skal du på ein fleirdagars ferd i vinterfjellet, MÅ du vere trygg på å bruke brenneren din. Å vere trygg nok på å bruke brennaren din slik at du kan ta den med inn i teltet, er ein ferdighet som hevar komfort og trivsel i teltlivet betraktleg. Det er sjølvsagt risiko knytt til å ha ein open flamme inne i teltet, men ved øving og kunnskap kan risikoen reduserast til eit akseptabelt punkt. Skulle ein måtte telte i storm, er ein også nødd til å kunne bruke brenneren inne i teltet. "kosefyring" altså å ta brenneren heilt inn i innerteltet, kan vere ein stor kjelde til trivsel. Ingenting slår å sitte å spele kort i berre t-skjorte inne i teltet, mens vindkasta herjar i minusgradane utanfor.
Kosefyring er derimot eit punkt der dei lærde stridast, då hovudsakleg om Karbonmonoksid, eller kullos på folkemunne. Kullos er ein giftig avgass som oppstår når ein flamme brenne med ufullstendig forbrenning, i praksis når flammen vert raskt nedkjølt (til døme når brennaren får servert ein kald kjele med snø). Dette er eit reelt faremoment som har vert orsaka til fleire dødsfall. I boka Friluftslivveiledning vinterstid visar Horgen til eit forsøk gjort av lege Øyvind Thomassen i 2004 (Horgen, 2010). Dei målte helsefarlege mengdar kullos i eit vanleg tunell telt under bruk av ein Optimus 111 multifuel brennar (bråkebrenneren som den er kjend som i forsvaret). Kva kjele som blei brukt i forsøket er derimot ikkje spesifisert. Konklusjonen Horgen trekke av dette er att kosefyring i innerteltet må ungåast fullstendig, og kun bruke brennaren i forteltet med full lufting. Horgen påstår også uten sitering at brennaren avgir meir kullos når den ikkje har nokon kjele. Røynde turfolk som til døme Randulf Valle, som er utdanna siv. eng i kjemi ved NTNU, har derimot skreve fleire artikklar om kullos der han trekke andre konklusjonar (Valle, 2017, 2018). Han pressiserar at kombinasjonen av brennartype og kjele skapar variasjon i mengde avgitt kullos. Ein stillegåande brennar, som til døme MSR Whisperlite, avgir meir kullos enn ein brennar med stor effekt, til døme MSR XGK. Og ein kjele med varmevekslar i bunnen, eller ein "Nansenkjele" kjølar flammen raskare ned, og avgir meir kullos enn ein vanleg kjele med flat bunn. Andre faktorar som brensel, storleik på teltet, høgde over havet og andre har også betydning. Konklusjonen Valle trekker er at om man er bevist på kva brennar og gryte ein tar i bruk, og har gode rutinar for lufting ved forskjellige arbeidsoppgåver knytt til brennaren, so er kosefyring forsvarleg praksis.
Kva typar brennarar og kjelar som i kombinasjon er tryggare/farlegare enn andre er eit komplisert kjemisk emne, men informasjonen finnest. Spørsmålet blir derfor, kva gjer du som vegleiar med denne informasjonen? Møtet med elevane som var urutinerte i bruk av multifuel fekk meg til å tenkje på min eigen folkehøgskule linje, og korleis læraren vår hadde tatt stilling til dette spørsmålet i pedagogisk praksis. På Arktis (min folkehøgskule linje ved Alta FHS) brukte me multifuel på alle ekskursjonane våre, heile året. På sommarens første ferd var den første kvelden nytta til å gje alle elevane innføring i bruk av multifuel aparatet. Aparatet var også ein slags frankenstein kryssning av eit Trangia stormkjøkken og ein MSR Whisperlite konstruert av læraren nettopp for å unngå kullos (og svidde matrester i gryta). Gjennom hausten rullerte me alltid på teltlaga, for å unngå at den same eleven alltid endte med å vere fyringsvakt (eller primus-kjerring som det har blitt heitande i min nåverande klasse), og alle fekk jevnleg øvd seg med multifuelen. Når me gjekk vår første vinterferd var me alle drilla i multifuel, og læraren gjekk rundt i teltlaga for å vise korleis ein skulle kosefyre i innerteltet. Det var strenge rutinar på at alle soveposer skulle være pakka ned i trekket sitt når brennaren var i innerteltet, ingen kjeler på brennaren, god lufting, og kniven skulle alltid liggje på plata (dette er same rutine som dei har i forsvaret). Resultatet av desse brennar-rutinane var eit svært komfortabelt og triveleg teltliv. Det var ingen som grua seg til ein natt i teltet, alle var godt utkvilte og freshe den neste dagen, med tørre klær.
På ein lengre ferd i vinterfjellet er det naudsynt å ha eit triveleg teltliv. Når ein er i leir skal gruppa få restituere og lade opp til neste dag. Å slå leir og lage mat skal vere det dei gler seg når dei er kalde og slitne. Gjer ein det riktig, blir kosefyring i innerteltet nesten like trivleg og trygt som å sittje framfor bålet.
Litteratur:
Horgen, A. 2010. Friluftsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget
Comments
Post a Comment